
Konsert med Sølvtrå Trio
Velkommen til ein nydeleg konsert på Nord-Fron bibliotek laurdag 21. mars kl. 14.00!
Sølvtrå er ein vokal- og stryketrio inspirert av jazz, visemusikk, pop og klassisk musikk. Trioen fann kvarandre i ei felles glede med å lage eigne versjonar av standardlåter i denne utradisjonelle besetningen, og kombinert med eigne originale komposisjonar har dei bygd opp eit spanande og følsomt repertoar.
Sølvtrå møttast på Jazzlinja i Trondheim, og sidan oppstart våren 2023 har trioen spelt fleire konsertar i Noreg. I juli 2024 spelte Sølvtrå inn sitt debutalbum i Øra Studio saman med produsent Kyrre Laastad, og 19. september 2025 ble albumet gjeve ut på Øra Fonogram, miksa av Ingeborg Gravem Sollid og mastra av Karl Klaseie.
Ingeborg Gravem Sollid – vokal, keys, perkusjon
Børge Brustad – fiolin, cavaquinho
Selma Edwards Granly – cello, vokal, perkusjon
Gratis inngang.
Påmelding til biblioteket fyrst på telefon 61 21 62 20 eller epost bibliotek@nord-fron.kommune.no