Vintermezzo 2026 – Standup med Henrik Fladseth og Mats Harbø
Sted: Vinstra Kino
Henrik Fladseth er komikar, podkastvert, manusforfattar og Noregs fremste representant for den høglydte ettertanken. Han slo gjennom med standup-showet Kverulant, og følgde opp med Lavkultur – eit show som fekk terningkast fem i NRK, blei kalla «tekstleg briljant» og hylla for «timing i verdsklasse».
Henrik skriv alt sjølv, brøler akkurat når det trengst, og har bygd seg ein massiv fanskare heilt utanfor dei etablerte humorhusa.
Enten han står på scena, snakkar i mikrofon eller speler inn sitt eige TV-univers, er éin ting sikkert: Henrik Fladseth meiner det. Høgt. Henrik har med seg Mats Harbø.
Arrangementet er ein del av Vintermezzo, som samlar ulike kulturaktivitetar i Nord-Fron denne perioden.
18-årsgrense – sal av øl og vin.