
Gunnhild M. Haugnes – Sterke kvinner, mektig historie
7 7 people viewed this event.
Sted: Nord-Fron bibliotek
Velkommen til forfattarbesøk og foredrag av Gunhild M. Haugnes.
Sterke kvinner, mektig historie.
Frøyas døtre, frå år 1000 til i dag.
Forfattar Gunhild M. Haugnes fortel om bokserien “Frøyas døtre”. Bøkene i serien følgjer ei kvinneslekt fra år 1000 og fram til i dag. I kvar bok blir vi kjend med ein ny tidsepoke og ei ny dotter. Hovudpersonen i kvar roman er ei Frøya-dotter – i alt er det sju døtre og etter kvart sju bøker.
I foredraget får vi sjå bilete og høyre om arbeidet ho har gjort med forsking på mektige kvinner i nordens historie, om vikingtid, vulkanutbrudd og heksebrenning.
Gratis inngang, men påmelding fyrst til biblioteket.