Registrations have closed.
Rudi Gard – Øystein Sunde og Meget i sløyd: Karusellskapssyk
45 45 people viewed this event.
Etter 36 forestillinger på Chat Noir hausten 2021, tek Øystein Sunde med seg forestillinga «Karusellskapssyk» ut på tur. Med på laget har han Meget i Sløyd, nokre av dei aller beste bluegrass-musikarane på denne sida av Atlanteren.
Etter Chat Noir har det kome nye songar seglande, får vi vite, og visesongaren er tydeleg oppstemt og selskapssjuk i høve til det nye stoffet. Det blir skråblikk på alt vi held på med til dagleg, nokre gjenhøyr med songar og historier frå eit langt liv på scena og i studio. Og sjølvsagt eit nytt kapittel i «Soga om Harald Jordfreser».